Nei til EU

PDF-fletting

Når du fær eit PDF frå grafisk avdeling og er venta å putta mange namn på den PDF-en på under ein time.

Start med vanleg brevflett

Oppstart

Opna OpenOffice, gå til verktøy -> vegvisar for brevfletting.

Trykk neste.

Dokumenttype

Vel dokumenttype brev. Trykk neste.

Set inn adresseblokk

Trykk vel adresseliste, trykk legg til og naviger fram til reknearket der du hev all informasjonen. Du fær då ein ny rad i databasene du kann velja i:

Trykk ok. Huk vekk 2. Dette dokumentet skal innehalda ei adressebok og gå rett til 6. rediger dokument på venstresida av vindauga.

Rediger dokument

Trykk på rediger dokument-knappen.

Rediger dokumentet og set inn autofelta

No fær du upp brevet. Her lyt du setja inn den felta som skal brukast til fletting. Vel vis -> datakjelder (evt berre trykk på F4). Då skal du få upp databasen din. Ta tak i overskriften til det feltet du vil hava ned på arket og dra han ned. Det vert sjåande litt stygt og grått ut, men seinare vert det byta ut korrekt.

Juster margane slik at teksten kjem der han skal vera. Dersom du skal plassera mykje, kann du taka eit skjermbilete av PDF-en og bruka han som bakgrunn i OpenOffice for å plassera alt korrekt. Hugs då å taka vekk bakgrunnen att fyrr du gjeng vidare.

Når du hev fengje plassert alt slik du skal hava det, kann du trykkja på Gå tilbake til brevflettingsvegvisaren

Flett dokumentet og lagra som PDF

Trykk neste (elder gå til 7. personleggjer dokumentet), OpenOffice vil då fletta brevet og laga mange sider. Når han er ferdig trykkjer du på Rediger enkeltdokument, ser at alt er OK og lagrar som PDF.

Lagra PDF-en rett på heimeområdet ditt. Altso i heimemappe dersom du er på Linux, elder på stabbur (evt. okse) dersom du er på Windows. Legg òg PDF-en frå grafisk avdeling der.

Tips: Gjev båe PDF-ane enkle namn utan mellomrom og med små bokstavar, det gjer alt so mykje enklare.

Gjer sjølve flettingi

Gå til ein Linux-maskin som hev pdftk installert (t.d. Eva Marie sin). Logg deg inn på din brukar. Opna ein terminal. Du finn han i Program -> Ymse Verktøy -> Terminal.

Viss dokumentet du skal bruka som bakgrunn heiter grafikar_bakgrunn.pdf og din PDF med alle namni heiter mange_namn_dokument.pdf, so skriv du inn fylgjande:

pdftk mange_namn_dokument.pdf background grafikar_bakgrunn.pdf output fletta_dokument.pdf

Viss du no gjeng til heimemappa di (i Linux: Stader -> Heimemappe), vil du finna eit nytt dokument der fletta_dokument.pdf, som bør vera nett det du lengta etter.

Det dokumentet skal du òg finna på heimeområdet ditt på di eiga maskin (det er jo trass alt nett det same området).

Tips: Dersom det er mellomrom i filnamnet må du skriva det med "", altso "dette er ei fil.pdf". Dersom det er store bokstavar i filnamnet må du skriva dei med stor bokstav "Slik.pdf".

Betre tips: Det er enno enklare å berre skriva byrjingi av filnamnet og so trykkja på TAB-tasten som er yver Caps Lock, då vil namnet verta fullført automatisk for deg, so sant det ikkje er eit anna namn som liknar so langt du hev skrive. Trykkar du TAB tvo gongar viser han deg alle moglege fullføringar. Skriv ls og trykk enter for å visa alt som ligg i mappa i terminalen.

Berre spyrr dersom noko er uklårt.

Attende...