Nei til EU

epost.neitileu.no

Vår netbaserte epost som du kann bruka frå kor enn du måtte dukka upp og trengja eposten din.

Brukarnamn og passord

Brukarnamnet ditt er det same som eposten din. So mitt brukarnamn er:

odin.omdal@neitileu.no

Kortadressa mi odin@neitileu.no er ikkje brukarnamnet og vil ikkje fungera.

Fyrste gongen du loggar inn

Epostsystemet veit ikkje namnet ditt, difor må du setja dette fyrste gong du loggar inn.

  1. Trykk på «Personlege innstillingar» øvst i høgre hyrna

  2. Trykk på «Identitetar»-fanen øvst mot venstre

  3. Klikk på brukaren din som står der («odin.omdal odin.omdal@neitileu.no» i mitt høve). Endra visningsnamn til namnet ditt. Du kann fylla ut resten, men det er ikkje naudsynt.

  4. Trykk på «Lagre». Du er ferdig og kan gå attende til eposten din ved å trykkja på «E-post».

God fornøying!

Attende...