• Sak 1: Kolumbus, bussane køyrer fort

    • Det er teke opp med selskapet.

  • Sak 2: Mat, usunn/prossesert, mykje på nokre avd/lite på andre

    • I Billene var jo dette veldig bra allereie

    • Barnehagen har endra til at det er no avdelingsleiar (Natalie for Sør) som tinger all mat. Dei tilsette i avdelinga må altso tinga mat via ho.

    • Mange avdelingar har laga ein vekesmeny. Odin har sendt epost til Jagoda om det.

  • Sak 3: Parkering

    • Grusparkeringa nede ved modulbarnehagen er dårleg. Atle har rapportert (i VOF).

    • Parkering på fortau under henting/levering kan skapa farlege situasjonar for andre. Atle seier i frå om han ser det.

  • Sak 4: Mindre grupper meir ute, som under korona

    • Avdelinger er ulikt mykje ute. Under korona var det veldig mykje utetid rundt i nærområdet. Gjerne i skogen og ikkje-leikeplassar. Meir av det! Atle tek det vidare.

  • Sak 5: Fotograf?

    • Fellesbilete er mest interessant.

    • Bør spør om eige løyve til akkurat eit slikt bilete, fordi det er kjekt om alle er med og det bør ikkje leggast på internett eller delast i sosiale medier.

    • Det går an å spør dei barnehagetilsette om å ta eit slikt bilete òg, som gjer administrasjon (og pris) mykje enklare. Det er jo berre kjekt om det er litt meir ekte.

    • FAU-representantar skal lodda stemninga for fotograf/fellesbilete i avdeling.

  • Sak 6: Sjukdom

    • Heng opp lapp i avdeling dersom det er 'uvanleg' sjukdom. Som lus/vasskoppar/skarlagensfeber o.l.

    • Yttergangen vert veldig fort skitten att etter vask. Avdelinger med delt garderobe skal få vekesvis ansvar for kosting.

  • Sak 7: Sykkel opp og ned på fortau for parkering

    • Vanskeleg å snu med lastesykkel, so det trengst ei rampe for å koma ned òg. Viss ikkje må ein sykla langt på fortauet som ikkje er bra for andre. Atle ser på det.

  • Sak 8: Fotgjengerovergang

    • Det manglar overalt rundt barnehagen som er ganske skandaløst.

    • Kommunen seier det gjev falk tryggleik. Men dei kan gjera vegen om til torggate, laga innsnevring, ha store fartshumper med fotgjengerovergangane på o.l.

  • Sak 9: Storhaughallen

    • Éin gong i veka (10-12) har Emmaus Storhaughallen. For leik og slik. Kan eta lunsj på tribunen. Stor suksess seier dei som har hatt ungar der. Fleire avdelinger går på likt.

  • Sak 10: Innkalling til FAU-møte

    • Atle beklaga feilen. Det var fordi nokre avd. hadde ikkje FAU-representantar og han dobbeltsjekka ikkje om Billene var ein av dei.

  • Sak 11: Små i frå Vest (modulbygg) må til Sør for stor avdeling

    • Møte med foreldrene det gjeld på onsdag (altso ikkje oss). Det gjeld 20 stk.

  • Sak 12: Vikarar

    • Nokre avdelinger har hatt mykje vikarar og mykje utskifting av dei. Dessutan er det litt tilfeldig om vikaren introduserer seg eller ikkje. Foreldre vil gjerne vita kven dei er.

    • Det er sjølvsagt vanskeleg med so mykje sjukdom, men det har alltid vore ein fast tilsett tilstades, so det er bra.

  • Sak 13: 17-mai arrangement frå FAU?

    • Mange i barnehagen har ikkje noko tilknytning til skulane enno. Dessutan er det veldig fullt der. So kanhenda barnehagen skulle hatt ei lita tilstelling med potetløp eller noko anna enkelt?

    • FAU-representant loddar stemninga for 17.-mai arrangement, for å sjå om det er noko interesse.

  • Sak 14: Ymse

    • Grasplenen nede ved Emmaus Vest burde brukast betre.

      • Er ein slags fotballbane i dag, men det finst jo allereie ein nær. Det er eit forlatt leikeplass der òg, truleg ikkje heilt naudsynt.

      • Benk? Gapahuk? Dyrka opp? Planteboksar? Park med tre, sti, ekte eng og benk, slik som det nye området i Mosvatnet? Me kunne spurt Områdesatsing Storhaug om det.

    • Leikebudsjett. Foreldre i nokre avdelingar har gått saman og skaffa leiker og utstyr i avdelinger som har hatt lite.

    • Nokre avdelinger er flinke til å lesa, andre ikkje. Sidan Emmaus er ein lesande barnehage so burde alle avdelinger lesa mykje.