VIDEOAVSPELINGSSYSTEM FOR STAVANGER BARNEMUSEUM ================================================ Eg hev laga ein eigen distribusjon for barnemuseet, som hev ein del spesialfunksjonar. I si enklaste form speler systemet video som ligg lagra på harddisken i ei løkke. Det er berre å putta maskina i straum for å slå ho på, og kutta straumen for å slå ho av. MERK: Ikkje kutt straumen med mindre maskina er skrudd skikkeleg på og står og speler video. Skjerm må sjølvsagt koplast til i skjermutgangen, og høgtalarar i ljodutgangen. NANMGJEVING AV VIDEOKLYPP ------------------------- Ikkje bruk mellomrom eller norske teikn. Det kann henda det fungerer, men eg hev ikkje testa det. Bruk understrek _, dersom du vil hava mellomrom. BYTA UT ALLE VIDEOANE --------------------- For å byta ut kva systemet speler må du bruka ei USB-minnepinne (eventuelt ein ekstern USB-harddisk). Der legg du videofilane du ynskjer å få inn på maskina rett inn på minnenpinna, altso *ikkje* i mapper. Viss du slær av maskini, og so startar ho upp med minnepinnen i, vil alle filmar som ligg i rota på minnepinnen verta kopiert til avspelingsmaskina. Alle gamle filmer vert flytta vekk og *vert ikkje spelt lengre*. So dersom du fyrr spelte «adam.avi» og «eva.dv», og minnepinnen hev ei ny fil «eple.wmv» so vil systemet berre spela eple.wmv frå no av. LEGGJA TIL VIDEOAR ------------------ Det kannhenda du ville halda fram med å spela adam.avi og eva.dv på maskina, og ville leggja eple.wmv til. I so fall må du i rota på minnepinnen laga ei blank fil som heiter «leggtil.txt». Då vil systemet leggja eple.wmv til, men halda på dei tvo videoane han allereide brukar. MERK: Eventuelle spelelister du hev vert *sletta* med mindre du oppretter ei ny og legg på disken (sjå SPELELISTER). Dersom du berre vil endra ein allereide eksisterande video (viss du t.d. hev uppdateringar), er det gjort på same måten. Lag ei fil «leggtil.txt» og legg den uppdaterte videoen inn på minnepinnen. Videoen må sjølvsagt hava heilt likt namn som den gamle for at den gamle skal overskrivast. SPELELISTER ----------- Viss du ikkje bryr deg um rekkjefylgja på filmene som vert vist treng du ikkje lesa lengre her. Dersom du ikkje ynskjer å spela av filmane i alfabetisk rekkjefylgje, kann du laga ei spelelista. Spelelista må du leggja på minnepinnen og han må heita «playlist.m3u». Innhaldet må vera namnet på filane du vil spela, i den rekkjefylgja du ynskjer å spela dei, t.d.: Barn_i_krigen.avi Barn_i_dag.avi Apekatter.mov MERK: Pass på at namna er heilt korrekte. Det er forskjell på stor B og litan b! HENTA UT SPELELISTA ------------------- Dersom du vil leggja til ei fil på maskina der det allereide finst ei eksisterande spelelista må du sjølvsagt skriva inn dei andre filene som allereide ligg inne. Det kann vera vandskeleg dersom du ikkje veit kva dei heiter. Difor kann du henta ut spelelista som maskina brukar ved å laga ei fil som heiter «hent.txt» i rota på minnepinnen, og starta maskina. Når han er fullt starta upp kann du dra ut minnepinnen att og du vil då finna ei fil «saved-playlist.m3u» på rota. I Adam og Eva-eksempelet kunne det t.d. sjå slik ut: eva.dv adam.avi Slik at eva vert køyrd fyrr adam. Når du då vil leggja til eple so vil du hava den fyrst, men alfabetisk vil putta han sist (og vil i tillegg øydeleggja spelelista som allereide er laga). Du treng berre opna upp saved-playlist.m3u i ein ENKEL tekstredigerer (*ikkje* OpenOffice.org elder Microsoft Office) og leggja til namnet på den nye fili slik: eple.wmv eva.dv adam.avi Den nye fili lagrar du med namnet «playlist.m3u» og legg i rota på minnepinnen som vanleg. Du må sjølvsagt òg få eple.wmv inn på maskina, so legg den òg i rota på minnepinnen. For å ikkje sletta eva.dv og adam.avi som ligg på maskina må du laga ei fil som heiter leggtil.txt. MERK: Hugs å slett hent.txt, viss ikkje vil systemet berre henta spelelista på ny utan å gjera noko nytt arbeid! AVANSERT -------- Dersom du treng ein terminal for å fiksa ting på maskina, kann du få ein upp ved å kopla til eit tastatur til maskina og trykkja: CTRL+T C Altso, trykk og hold CTRL, trykk på T. Slepp båe knappane og trykk på C. Du vil då få ein kvit terminal upp. Eit par hendige kommandoar: Køyr videohentingsprogramet utan å starta maskina på ny ./sjekk_ekstradisk.sh Vis alle videofiler som ligg inne no ls video/ Vis spelelista som er i bruk cat video/playlist.m3u Vis loggen cat log Vis arkivet av videofiler ls video.arkiv/ Endra spelelista direkte på maskinen nano video/playlist.m3u For å avslutta terminalen kann du anten skriva «exit», elder trykkja CTRL+D. VELDIG AVANSERT (typ. viss ein som kann Linux skal fiksa noko) -------------------------------------------------------------- Heile systemet finn du i .xinitrc, sjekk_ekstradisk.sh og spelvideo.sh. Det forventer at /dev/sdb1 er usb-disken (som ikkje alltid er korrekt). Han monterer disken til /media/usb/. Systemet er for det meste bash-skript og køyrer på Arch Linux med ratpoison som Window Manager. Systemet (trass kor lite) er lisensiert med GPL 3.0. So du må gjeva endringane dine vidare dersom du gjer nokon. Odin Hørthe Omdal, http://velmont.no/