Nei til EU

Epost + Thunderbird

Du kann lasta ned Thunderbird på http://firefox.no/

Opna Thunderbird. Viss det er fyrste gongen, so fær du «opprett ny konto» opp med ein gong. Då slepp du altso å henta den fram.

Opprett ny konto

Trykk Rediger => Kontoinnstillingar

Trykk Legg til ny konto, nede til venstre.

Vel epost.
Neste

Skriv inn namnet og epostadressa di.
Neste

Vel IMAP.
Innkomande tenar er:

imap.neitileu.no

Utgåande tenar (viss du ikkje allereide hev ein fungerande) er:

smtp.neitileu.no

Neste

Innkomande brukarnamn er epostadressa di.
Utgåande epost krevjer autentisering og brukar same brukarnamn som innkomande, dersom det er relevant.
Neste

Kontonamnet kann du la stå.
Neste

Klikk ferdig

Gå til Tenarinnstillingar i vìnstremenyen rett under den nye kontoen din.

Rett brukarinformasjonen står det Innstillingar for tryggleik, vel «Nytt trygg tilkopling SSL.»
Du treng ikkje trygg autentisering.
Sjekk at Port vert sett til 993.

Dersom du brukar vår SMTP (utgåande) eposttenar, må du gjera litt småendringar på han:

Fiksa utsending av epost

Gå heilt nederst på vìnstremenyen på kontoinnstillingar (der du er no). Det skal stå Utgåande SMTP-tenar, trykk på den.

Vel Endra på den som er standard, hjå meg heiter han

odin.omdal@neitileu.no - smtp.neitileu.no (Standard)

Forklaring kann du la stå, i tenarnamn skriv du:

smtp.neitileu.no

Boksen nedanfor heiter Tryggleik og autentisering, hak av for Brukarnamn og passord. I brukarnamn skriv du:

odin.omdal@neitileu.no

Huk so av for Bruk trygg tilkopling (SSL), vel SSL heilt nederst til vìnstre. Sett «Port» til 465. Trykk OK.

Trykk OK på kontoinnstillingar.

Kopla til (og fiksa tryggleiksundantak)

No skal du kunna velja innboksen din vert du beden um å skriva inn passordet ditt. Gjer det.

No skal du få tilgang til epostboksen din att.

Viss du prøver å senda epost må du skriva (og evt. lagra) passordet ditt på ny, dette er av di sending av epost og mottak av epost er tvo heilt forskjellege ting i epostverda. Sertifikatet på eposttenaren er for imap.neitileu.no og ikkje for smtp.neitileu.no og difor fær du no ein tryggleiksfeil. No skal me få fiksa det:

Last ned Remember Mismatched Domains frå Mozilla Add-ons. Innanfrå Thunderbird veljer du Verktøy -> Addons, trykk på installer og finn fram fili du nett lasta ned frå Mozilla Add-ons sida. Fylg instruksjonane. Når du hev starta Thunderbird om, kann du velja «Don't warn me again about this certificate for the domain».

Og då skulle all sending og mottak av epost vera fungerande. :-)

Attende...