image/svg+xml
Me arbeider for å fremja nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde KVA MEINER ME?
Språk i skulen
Nynorsk i media
Språklege rettar
KVA GJER ME?
Målferd
Påverknad
Organisasjon
Kvart år vitjar me over 60 skular og held føredrag om norsk målsoge, nynorsk og haldningar til språk. Me arbeider tett med politiske organisasjonar og styringsorgan slik at dei fattar fornuftige vedtak om språk. Me er over 1200 medlemar og har lokallag over heile landet. Me er opptekne av at alle skal få delta. Kontakt ossMeld flyttingPresseAndre ting
Om NMUNynorskPolitikkKontakt og presse----Bli medlemEngasjer deg!Meld flytting
Norsk Målungdom
Om oss
Norsk Målungdom (NMU) meiner nynorsk høver for alle, og arbeider soleis for at alle skal velja nynorsk i staden for bokmål. Til grunn for dette synspunktet ligg den norske målreisinga med argumentasjon om at nynorsk ligg nærast slik dei fleste i Noreg snakkar, og at nynorsken byggjer på alle dialektane i Noreg, medan bokmålet byggjer på dansk. Kvart år vitjar NMU skular over heile landet kvart år, og arbeider spesielt med rettane til nynorskelevar og nynorsk i skulen. Dei nynorske læremidla har i mange år vore ei kampsak for NMU, og nokre andre viktige saker er sidemål, morsmål, nynorsk for innvandrarar og nynorsk i nettavisene. Norsk Målungdom engasjerer seg òg for meir nynorsk i media og i næringslivet.NMU har om lag 1500 medlemer, og er den einaste ungdomsorganisasjonen som arbeider for nynorsk og dialektar. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig, og har status som fylkeslag i Noregs Mållag.Det eldste lokallaget vart skipa alt i 1877 (Maalvinarlaget), og NMU kom til som samlande organisasjon i 1961, under namnet Noregs Student- og Elevmållag (NSEM). Norsk Målungdom feirar 50 år i 2011. Norsk Målungdom skal arbeida for eit norskfag som sikrar reell valfridom for alle elevar. Difor vil me arbeida for tidlegare sidemålsstart, framleis eigen sidemålskarakter og betre nynorskopplæring for alle. Arbeidet skal skje med sikte på den pågåande gjennomgangen av norskfaget og stortingsvalet i 2013. Me vinn ikkje kampen for norskfaget utan brei politisk støtte. Me skal i perioden skulera og knyta kontaktar med ungdomspartia med tanke på programarbeidet i partia og valet i 2013. Me skal utarbeida eit politisk program om språk i skulen.Norsk Målungdom skal organisera ein dugnad mot språkleg diskriminering. Med språkleg diskriminering meiner me brot på lovfesta rettar, men òg indirekte diskriminering som språkleg mobbing og utestengjing av nynorsken frå område der han elles høyrer heime. Me vil gjera folk og styresmakter merksame på språkleg diskriminering der det skjer, og oppmoda alle som vert utsette for språkleg diskriminering til å seia ifrå. Dugnadsarbeidet skal foregå på lokalt og nasjonalt plan, og i samarbeid med andre organisasjonar som arbeider mot språkleg diskriminering.Me skal arbeida for ei lærarutdanning som sikrar at alle lærarar er fagleg trygge i nynorsk, slik at framtidas elevar får den språkopplæringa dei har krav på. Nynorskopplæringa må vera uavhengig av om læraren har norsk i fagkretsen sin, ettersom alle lærarar skal vurdera språket til elevane. Norsk Målungdom skal arbeida for betre språkopplæring for alle lærarar. I tillegg skal me arbeida for å utvikla og spreia sidemålsdidaktikk på lærestadene i Noreg. Studentmållaga har eit særskilt ansvar for dette arbeidet. Om NMUNynorskPolitikkKontakt og presse----Bli medlemEngasjer deg!Meld flytting
Organisasjon
Politikk
Kontakt og presse
Tilskipingar